

Mandag 16. august
Cached versjon uten reklame og andre nyhetspekere.
Originalen er her.













|
 |

barn
og unge


Skule
for særs intelligente barn

SKOLESTART: |
 |
No er det skulestart over heile landet:
• Vel 430.000 gutar og jenter skal gå eitt år på
barneskulen.
• Vel 180.000 tenåringar skal ta eit år på
ungdomsskulen.
• Vel 160.000 eldre tenåringar skal gå på
vidaregåande skule.
Vårt Land vil i ein serie setje søkjelys på ulike
sider av norsk utdanning. |
|
I dag
opnar Mentiqa, Danmarks første skule for særs evnerike
barn. - Eg ser behovet for slike skular også i Norge, seier
Martin Ystenes, far til to gutar som ikkje fann seg til rette i den
offentlege grunnskulen.
Bjørgulv
K. Bjåen
bjbj@vl.no
Dagleg
leiar Pernille Buch-Rømer, som sjølv har to barn som
ikkje fann seg til rette i den danske folkeskulen, understrekar at
Mentiqa ikkje er ein eliteinstitusjon som skal framelske unge geni.
«Mentiqa - Skolen for barn med særlege
forutsætninger» skal få ei spesiell gruppe barn til
å trivast betre på skulen enn det dei gjer i dag, forklarar
ho.
- Eg ser behovet for slike skular også i Norge, seier Martin
Ystenes, far til to gutar som ikkje fann seg til rette i den offentlege
grunnskulen. No går dei på privat grunnskule i Trondheim.
Mentiqa er etablert fordi ei gruppe danske foreldre tok konsekvensen av
at den statlege folkeskulen ikkje evna å kome opp med gode nok
tilbod til barna deira:
Dei har etablert ein privat grunnskule for svært evnerike barn. I
dag er det opningsfest på privatskulen som ligg i Lyngby ved
København. Namnet Mentiqa er sett saman av ordet mental og
forkortinga IQ.
Lærarsvikt.
- Det beste hadde sjølvsagt vore om det norske skuleverket hadde
klart å ta vare på spesielt intelligente barn, gje dei
faglege utfordringar og sosial tryggleik. Dessverre er det slik i dag
at barn går til grunne i grunnskulen fordi dei er særs
evnerike. Nokre lærarar evnar ikkje å sjå at dei har
elevar som treng større utfordringar enn den store gruppa, andre
meiner spesielt intelligente barn ikkje treng
«spesialbehandling», seier Martin Ystenes til Vårt
Land.
Professoren ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim
er opprørt over at samfunnet ikkje kan gje desse barna betre
tilpassa utfordringar. Han fortel at desse barna i staden blir
gåande å kjede seg, og i mange tilfelle endar det opp med
at barna gøymer unna intelligensen sin for å bli godtatt
av jamaldrande og skulen.
Trivsel.
Dagleg leiar på Mentiqa, Pernille Buch-Rømer, har saman
med eit nettverk av andre foreldre med særs evnerike barn
planlagt privatskulen i snart to år. Mentiqa har plass til 144
elevar. Frå og med i dag tilbyr skulen undervisning på
trinna 1. til 7. Neste år tilbyr skulen ein åttande klasse
medan niande klasse kjem i 2006.
Går det som den lærarutdanna skulegründeren vonar, vil
Danmark få to Mentiqa-skular til innan 2007, ein i Odense og ein
i Århus.
Open.
- Eigne grunnskular for dei mest evnerike barna ikkje er noko Norge
bør streve etter, men vi skal heller ikkje stikke kjeppar i
hjula for foreldre som vil bruke pengar på å etablere slike
skular, meiner Høgres Søren Fredrik Voie, nestleiar i
Stortingets utdanningskomité. Han seier at skuleverket i dag er
merksame på at nokre elevar treng større utfordringar og
at lærarar skal gje desse elevane betre oppfølging.
Martin Ystenes er sterkt usamd:
- Likskapstanken står så sterkt i Norge at mange spesielt
intelligente barn slett ikkje vil få betre tilbod. Norske
lærarar lærer lite eller ingenting om dette. Mange foreldre
som er i same situasjon som meg har opplevd å bli møtt med
hånlatter når dei har spurt kva tilbod skulen har til deira
barn som treng noko ekstra.
Ystenes meiner er eit stort paradoks at skuleverket legg til rette for
toppidrettsgymnas som gjev skuletilbod til dei flinkaste:
- Men når det gjeld grunnskulen skal alle vere like. Særs
flinke barn skal til dømes ikkje få undervisning i grupper
saman med likesinna. Dette blir heilt feil.
Sist
endret: 13. August 2004 13:00 |
|
|
|
|