§ 1-2. Formålet med opplæringa
Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.
Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira personlege utvikling. Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten.
Opplæringa i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar.
Opplæringa skal leggje eit grunnlag for vidare utdanning og for livslang læring og støtte opp under eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag og eit høgt kompetansenivå i folket.
Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.
Det skal leggjast vekt på
å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom
lærlingar, lærekandidatar og bedrifter, mellom skole og heim,
og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til
lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar
kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.
§ 2-1. Rett og plikt til grunnskoleopplæring
Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring,
og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne
lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom
offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.
…
Grunnskoleopplæringa skal
til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom
det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg
langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til
å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter
sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen
i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år.
Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter
sakkynnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før
når det innan 1. april har fylt 5 år.
Retten og plikta til opplæring
varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter
sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen
heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta
dersom omsynet til eleven tilseier det.
…
§ 5-1. Rett til spesialundervisning
Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.
I vurderinga av kva for opplæringstilbod
som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene
til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla
tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold
til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er
realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal
ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. §
2-2 og § 3-2.
§ 5-3. Sakkunnig vurdering
Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller § 5-2, eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.
Dersom vedtaket frå kommunen
eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga
for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner
at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten
etter § 5-1, § 5-2 og § 5-7.
§ 5-4. Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning
Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades.
Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.
Tilbod om spesialundervisning skal
så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra
til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.
§ 5-5. Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa
Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen.
Klassestyraren til eleven skal kvart
halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven
har fått og ei vurdering av utviklinga til eleven. Rektor sender
oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til
kommunen eller fylkeskommunen.
§ 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste
Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.
Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet
med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa
betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske
tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering
der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene
til tenesta.
§ 5-7. Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder
Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans.
For spesialpedagogisk hjelp gjeld
§ 5-4 andre og tredje leddet i lova. § 5-5 andre leddet i lova
gjeld så langt det passar.
§ 5-9. Statens plikt til å sørgje for læremiddel
Departementet skal sørgje
for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel
for spesialundervisning.
§ 8-2. Klassen
Alle elevar har rett til å
høyre til ein klasse. For bestemde delar av opplæringa kan
elevane organiserast på andre måtar. Organiseringa skal til
vanleg ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyrsel.
…
KAPITTEL 22 RETTEN TIL NØDVENDIG RÅDGIVING
(Opplæringslova § 9-2 første ledd)
§ 22-1 Sosialpedagogisk rådgiving
Den enkelte eleven har rett til
å få nødvendig rådgiving, oppfølging og
hjelp med å finne seg til rette under opplæringa, ved spesielle
faglege vanskar under opplæringa, og ved personlege og sosiale vanskar
som har noko å seie for opplæringa.
Kap. 31 Merknader til utkastet til lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Merknader til § 5-1:
… At spesialundervisning skal givast som ein rett til den enkelte, vil seie at eit opplæringstilbod på det minstenivået lova nemner, blir halde utanfor den fridommen kommunane har til å gjere økonomiske prioriteringar. Kommunen eller fylkeskommunen kan da ikkje lovleg avslå eit krav om spesialundervisning med den grunngivinga at det ikkje er sett av midlar til dette i kommunebudsjettet.
Retten etter § 5-1 gjeld opplæring,
ikkje behandling. Det som skal reknast som opplæring etter den nye
opplæringslova, er opplæring gitt under leiinga og ansvaret
til skolen og på bakgrunn av opplæringsplanen for skolen.
…
Spørsmålet om vilkåra
for spesialundervisning ligg føre, skal avgjerast etter ei konkret
vurdering av om elevane får tilfredsstillande utbytte av den ordinære
opplæringa. Om ein elev skal få spesialundervisning, er derfor
eit stykke på veg avhengig av kva kommunen har sett inn av organisatoriske
og pedagogiske differensieringstiltak innanfor den ordinære opplæringa,
slik også ordninga er i dag.
Det er ikkje noko eintydig kriterium kva som er tilfredsstillande utbytte, men spørsmålet må vurderast ut frå ei avveging ut frå skjønn. Dersom eleven i det heile ikkje har noko konkret utbytte av den ordinære opplæringa, er vilkåret oppfylt. Det er likevel sjeldan eleven anten har fullt utbytte eller ikkje noko utbytte i det heile. Som regel har eleven større eller mindre utbytte av opplæringa. I at utbyttet skal vere tilfredsstillande, ligg det derfor at eleven kan ha rett til spesialundervisning også der han har eit visst utbytte av opplæringa.
For elevar som alt har eit visst utbytte av den ordinære opplæringa, kan det i somme tilfelle vere nok at eleven får spesialundervisning i nokre timar i veka eller for ein kort periode, eller at han får hjelp i form av ekstra lærar, assistent eller på annan måte, jf. andre og tredje punktum. For elevar som har svært lite eller i det heile ikkje utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, må derimot heile opplæringa leggjast særskilt til rette.
Elevar som har føresetnader
for å lære raskare og meir enn gjennomsnittet, har ikkje rettar
etter kapittel 5 i lovutkastet. Men særleg evnerike elevar er omfatta
av det generelle målet om elevtilpassa opplæring, jf. §
1-2 femte leddet i lovutkastet. I den grad den ordinære opplæringssituasjonen
gir rom for det, må ein derfor også sikre dei særlege
føresetnadene og behova til desse elevane.
…
Kap. 4. Merknader til enkelte paragrafer
§ 5-1. Rett til spesialundervisning
Komiteens medlemmer fra Høyre
har merket seg at det i omtalen av denne paragrafen heter at elever som
har forutsetninger for å lære raskere og mer enn gjennomsnittet
ikke har rettigheter etter kap. 5 om spesialundervisning. Disse medlemmer
regner dette som en ren selvfølge, og er heller ikke kjent med at
spesielt "flinke elever" har krevet ekstraressurser med hjemmel i reglene
om spesialundervisning. Disse medlemmer finner imidlertid grunn til å
reagere på at det i denne omtalen faktisk foretas en innstramning
i den selvfølgelige rett også flinke elever har til en opplæring
tilpasset evner og forutsetninger, jf § 1-2 femte ledd. Departementet
henviser riktignok til at også "flinke elever" er omfattet av denne
bestemmelsen, men legger til at disse elevenes interesser og behov skal
ivaretas "i den grad den ordinære opplæringssituasjonen gir
rom for det". Disse medlemmer finner det uakseptabelt at departementet
på denne måten foretar en gradering av forskjellige elevers
og elevgruppers rett til tilpasset undervisning. Disse medlemmer finner
det også påfallende at denne presisering av når flinke
elever har rettigheter etter § 1-2 femte ledd bare nevnes under denne
paragrafen, og ville ha funnet det mer naturlig om departementet hadde
drøftet de enkelte elevgruppers forhold til femte ledd i forbindelse
med § 1-2.
§ 9. Spesialundervisning, pedagogisk-psykologisk teneste, sosialpedagogiske tiltak m.v.
Elevane har rett til å nytta den offentlege pedagogisk-psykologiske tenesta og andre sosialpedagogiske tilbod som vert gjevne ved tilsvarande offentlege skular.
Elevar som etter sakkyndig vurdering har trong for spesialpedagogisk hjelp og støtte, skal få spesialundervisning. Skulane får tilskot til slik undervisning etter dei reglane og innanfor dei rammene som er fastsette for den offentlege grunnskulen og den offentlege vidaregåande skulen.
Departementet gjev føresegner om gjennomføring av reglane i første og andre lekken.
Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning. Reglane i kapittel 5 i opplæringslova gjeld tilsvarande.
Endra med lov 30 juni 2000 nr.
63 (i kraft 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).