Noen klipp fra "Opplæringslova",
og dokumentene som er tilknyttet denne lova.

Mer omfattende utsnitt fra lov og dokumenter finner du her.
Fullstendig lovtekst for Opplæringsloven.
Se også Privatskoleloven.
 
 

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Tilråding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 3. april 1998, godkjend i statsråd same dagen.

§ 1-2. Formålet med opplæringa

Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmenn-kunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane, lærlingane og lærekandidatane i deira personlege utvikling. Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten.

Opplæringa i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar.

Opplæringa skal leggje eit grunnlag for vidare utdanning og for livslang læring og støtte opp under eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag og eit høgt kompetansenivå i folket.

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.

Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar, lærekandidatar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.
 

§ 2-1. Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkynnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

 

§ 5-1. Rett til spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.
 

§ 5-3. Sakkunnig vurdering

Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller § 5-2, eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til
 

  • eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
  • lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa
  • realistiske opplæringsmål for eleven
  • om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet
  • kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

  • Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.

    Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1, § 5-2 og § 5-7.
     

    § 5-4. Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

    Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisnings-personalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades.

    Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesial-undervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.

    Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.
     

    § 5-5. Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa

    Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesial-undervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplærings-planen.

    Klassestyraren til eleven skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått og ei vurdering av utviklinga til eleven. Rektor sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.
     

    § 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste

    Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

    Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.
     

    § 5-7. Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder

    Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans.

    For spesialpedagogisk hjelp gjeld § 5-4 andre og tredje leddet i lova. § 5-5 andre leddet i lova gjeld så langt det passar.
     

    § 5-9. Statens plikt til å sørgje for læremiddel

    Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesial-undervisning.
     

    § 8-2. Klassen

    Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemde delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar. Organiseringa skal til vanleg ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhøyrsel.

     

    Forskrift til opplæringslova

    Fastsatt 28. juni 1999 av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

    KAPITTEL 22 RETTEN TIL NØDVENDIG RÅDGIVING

    (Opplæringslova § 9-2 første ledd)

    § 22-1 Sosialpedagogisk rådgiving

    Den enkelte eleven har rett til å få nødvendig rådgiving, oppfølging og hjelp med å finne seg til rette under opplæringa, ved spesielle faglege vanskar under opplæringa, og ved personlege og sosiale vanskar som har noko å seie for opplæringa.
     
     

    Ot prp nr 46

    (1997-98)
    Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
    Tilråding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 3. april 1998, godkjend i statsråd same dagen.

    Kap. 31 Merknader til utkastet til lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

    Merknader til § 5-1:

    … At spesialundervisning skal givast som ein rett til den enkelte, vil seie at eit opplæringstilbod på det minstenivået lova nemner, blir halde utanfor den fridommen kommunane har til å gjere økonomiske prioriteringar. Kommunen eller fylkeskommunen kan da ikkje lovleg avslå eit krav om spesialundervisning med den grunngivinga at det ikkje er sett av midlar til dette i kommunebudsjettet.

    Retten etter § 5-1 gjeld opplæring, ikkje behandling. Det som skal reknast som opplæring etter den nye opplæringslova, er opplæring gitt under leiinga og ansvaret til skolen og på bakgrunn av opplæringsplanen for skolen.

    Spørsmålet om vilkåra for spesialundervisning ligg føre, skal avgjerast etter ei konkret vurdering av om elevane får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Om ein elev skal få spesialundervisning, er derfor eit stykke på veg avhengig av kva kommunen har sett inn av organisatoriske og pedagogiske differensieringstiltak innanfor den ordinære opplæringa, slik også ordninga er i dag.

    Det er ikkje noko eintydig kriterium kva som er tilfredsstillande utbytte, men spørsmålet må vurderast ut frå ei avveging ut frå skjønn. Dersom eleven i det heile ikkje har noko konkret utbytte av den ordinære opplæringa, er vilkåret oppfylt. Det er likevel sjeldan eleven anten har fullt utbytte eller ikkje noko utbytte i det heile. Som regel har eleven større eller mindre utbytte av opplæringa. I at utbyttet skal vere tilfredsstillande, ligg det derfor at eleven kan ha rett til spesialundervisning også der han har eit visst utbytte av opplæringa.

    For elevar som alt har eit visst utbytte av den ordinære opplæringa, kan det i somme tilfelle vere nok at eleven får spesialundervisning i nokre timar i veka eller for ein kort periode, eller at han får hjelp i form av ekstra lærar, assistent eller på annan måte, jf. andre og tredje punktum. For elevar som har svært lite eller i det heile ikkje utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, må derimot heile opplæringa leggjast særskilt til rette.

    Elevar som har føresetnader for å lære raskare og meir enn gjennomsnittet, har ikkje rettar etter kapittel 5 i lovutkastet. Men særleg evnerike elevar er omfatta av det generelle målet om elevtilpassa opplæring, jf. § 1-2 femte leddet i lovutkastet. I den grad den ordinære opplæringssituasjonen gir rom for det, må ein derfor også sikre dei særlege føresetnadene og behova til desse elevane.

     

    Innst.O.nr.70 (1997-1998)

    Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om lov om grunnskolen og
    videregående opplæring (opplæringsloven).
    Komiteens merknader

    4. Merknader til enkelte paragrafer

    § 5-1. Rett til spesialundervisning

    Komiteens medlemmer fra Høyre har merket seg at det i omtalen av denne paragrafen heter at elever som har forutsetninger for å lære raskere og mer enn gjennomsnittet ikke har rettigheter etter kap. 5 om spesialundervisning. Disse medlemmer regner dette som en ren selvfølge, og er heller ikke kjent med at spesielt "flinke elever" har krevet ekstraressurser med hjemmel i reglene om spesialundervisning. Disse medlemmer finner imidlertid grunn til å reagere på at det i denne omtalen faktisk foretas en innstramning i den selvfølgelige rett også flinke elever har til en opplæring tilpasset evner og forutsetninger, jf § 1-2 femte ledd. Departementet henviser riktignok til at også "flinke elever" er omfattet av denne bestemmelsen, men legger til at disse elevenes interesser og behov skal ivaretas "i den grad den ordinære opplæringssituasjonen gir rom for det". Disse medlemmer finner det uakseptabelt at departementet på denne måten foretar en gradering av forskjellige elevers og elevgruppers rett til tilpasset undervisning. Disse medlemmer finner det også påfallende at denne presisering av når flinke elever har rettigheter etter § 1-2 femte ledd bare nevnes under denne paragrafen, og ville ha funnet det mer naturlig om departementet hadde drøftet de enkelte elevgruppers forhold til femte ledd i forbindelse med § 1-2.
     
     

    Lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)

    Jfr. 17 juli 1998 nr. 61 § 2-12, jfr. § 1-2. - Jfr. tidlegare lover 13 juni 1969 nr. 24 § 14, lov 6 mars 1970 nr. 4.

    § 9. Spesialundervisning, pedagogisk-psykologisk teneste, sosialpedagogiske tiltak m.v.

    Elevane har rett til å nytta den offentlege pedagogisk-psykologiske tenesta og andre sosial-pedagogiske tilbod som vert gjevne ved tilsvarande offentlege skular.

    Elevar som etter sakkyndig vurdering har trong for spesialpedagogisk hjelp og støtte, skal få spesialundervisning. Skulane får tilskot til slik undervisning etter dei reglane og innanfor dei rammene som er fastsette for den offentlege grunnskulen og den offentlege vidaregåande skulen.

    Departementet gjev føresegner om gjennomføring av reglane i første og andre lekken.

    Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om spesialundervisning. Reglane i kapittel 5 i opplæringslova gjeld tilsvarande.

    Endra med lov 30 juni 2000 nr. 63 (i kraft 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).